Sunday, November 10, 2013

C H I L E B L O G

Kjære venar og familie, og de alle, om det er nokon andre, eg byrjar vidt.

Denne bloggen vart oppretta med tanke på ei reise som aldri fann stad, og kom dirfor aldri til sin rett.
No skal eg prøva å retta litt på det ved å la den fortelja om reisa som no finn stad: eit år utveksling i Santiago, Chile.

Forma eg for tida pønsker på er reisebrevet. Eg har ingen intensjonar om å følga nokre høge kvalitetskrav og sjangerreglar, berre henvenda meg til dykk eg trur er kjentfolk.
Grunna innspurt på fyrste semester vert dette fyrste innlegget særdeles kort. Men de er informert om intensjonen. Eg driv og studerar arkitetkur her. Eg får ikkje ta andre fag enn dei på arkitektur, design eller urbanismelinja, og har difor minst like mykje å gjera som i Oslo. Den store danningsreisa er det ikkje. Søramerikansk kultur og politikk, kunstfag og livet ellers i Santiago er ikkje noko eg får inn i andre formar enn små drypp. Mykje er ved det vandte, som skjermen på mac-en min, AutoCAD, Illustrator, musearm, sur mage og mengder med yoghurt, sjokolade og te. Å presentera kvar veke er nytt. Å presentera på spansk også. Å ha havna i klasse med alle chilenarane som fekk toppkarakter sist semester set lista litt høgt. Men artig er det óg.

Eg har lært meg å laga modell i heiltre og hogga ut skråflater med hammer og meisel. Eukalyptus er eit ganske hardt tre å jobba med, chilenske rauli, ei type bøk, eller liksom-bøk, er enklare og resultatet blir fint. Det er eit raudt tre, litt som svartor, berre endå sterkare raudt. Furua her nede er billig og simpel, og så grov og mjuk at presisjon er vanskeleg.


Eukalyptus

Rauli

Furu (Pino)

Verket eg har laga model av er ikkje eit eige påfunn men ei modelering av eit tidlegare eksisterande bygg skapt av skulen i Valparaiso. Dei har ei tomt ved kysten ved Ritoque der dei har skapt ein liten arkitekturbygd "Ciudad Abierta" der dei fritt eksperimenterar med ny arkitektur tilpassa de søramerikanske kontinentet. I 1993 teikna og bygga skulen, lærarar og elever i samarbeid, ein stor hall til å samla dei 400 personane på skulen. Dette var "Casa de los Nombres" (namnas hus).

For tida er utfordringa mi å ta utgangspunkt i dette verket for å laga ein ny hall, i eit nytt terreng.
Men i går dro eg på bingo. Bingo bailable = hipsterbingo.

No comments: