Sunday, November 10, 2013

C H I L E B L O G

Kjære venar og familie, og de alle, om det er nokon andre, eg byrjar vidt.

Denne bloggen vart oppretta med tanke på ei reise som aldri fann stad, og kom dirfor aldri til sin rett.
No skal eg prøva å retta litt på det ved å la den fortelja om reisa som no finn stad: eit år utveksling i Santiago, Chile.

Forma eg for tida pønsker på er reisebrevet. Eg har ingen intensjonar om å følga nokre høge kvalitetskrav og sjangerreglar, berre henvenda meg til dykk eg trur er kjentfolk.
Grunna innspurt på fyrste semester vert dette fyrste innlegget særdeles kort. Men de er informert om intensjonen. Eg driv og studerar arkitetkur her. Eg får ikkje ta andre fag enn dei på arkitektur, design eller urbanismelinja, og har difor minst like mykje å gjera som i Oslo. Den store danningsreisa er det ikkje. Søramerikansk kultur og politikk, kunstfag og livet ellers i Santiago er ikkje noko eg får inn i andre formar enn små drypp. Mykje er ved det vandte, som skjermen på mac-en min, AutoCAD, Illustrator, musearm, sur mage og mengder med yoghurt, sjokolade og te. Å presentera kvar veke er nytt. Å presentera på spansk også. Å ha havna i klasse med alle chilenarane som fekk toppkarakter sist semester set lista litt høgt. Men artig er det óg.

Eg har lært meg å laga modell i heiltre og hogga ut skråflater med hammer og meisel. Eukalyptus er eit ganske hardt tre å jobba med, chilenske rauli, ei type bøk, eller liksom-bøk, er enklare og resultatet blir fint. Det er eit raudt tre, litt som svartor, berre endå sterkare raudt. Furua her nede er billig og simpel, og så grov og mjuk at presisjon er vanskeleg.


Eukalyptus

Rauli

Furu (Pino)

Verket eg har laga model av er ikkje eit eige påfunn men ei modelering av eit tidlegare eksisterande bygg skapt av skulen i Valparaiso. Dei har ei tomt ved kysten ved Ritoque der dei har skapt ein liten arkitekturbygd "Ciudad Abierta" der dei fritt eksperimenterar med ny arkitektur tilpassa de søramerikanske kontinentet. I 1993 teikna og bygga skulen, lærarar og elever i samarbeid, ein stor hall til å samla dei 400 personane på skulen. Dette var "Casa de los Nombres" (namnas hus).

For tida er utfordringa mi å ta utgangspunkt i dette verket for å laga ein ny hall, i eit nytt terreng.
Men i går dro eg på bingo. Bingo bailable = hipsterbingo.

La oss bygge verden på ny!

Hvilken større opptimisme kan man ha, og hvor mer meningsfullt kan man få det, enn å endre verden og bygge den opp på ny; i forbedret utgave?

Hvilket større hovmod kan man ha en troen på at det er mulig?


[endå eit oppgulp frå endå djupare ned i  utkastsarkivet. Eit utrop frå ein nybakt arkitektstudent. Sannsynlegvis også ein kommentar til ein altfor ivrig talar som ville fortella om kva me driv me i arkitektverda. Kan driva med. Moglegvis ikkje ein talar ei gong, men ei bok, som eg allereie, tre år etter, har gløymd. Det kan forsåvidt ha vore ein TED-talks også. Det hadde vore stilen til dette forumet. Ekstrem optimisme. Meining i livet og tru på framtida. Uunnverleg og hovmodig.]
[...tenker eg meg meir om kan det ha vore ein ledar for ei byggjebedrift også. Dei snakker typisk slik, i det minste om dei har eit "nytt" produkt å selja...]

Strå halm og andre grastyper

Kva er det med stråmenn?
Gamle klesplagg; ei bukse, ei skjorte og gjerne ein hatt. Dei er stappa fulle av gylne og velduftande etterlevningar etter sist kornhaust og så satt på ein stokk utpå det jordarealet ein har dyrka. Han skal verna det ein dyrkar frå menneskeskye men matglade vesener, slike som går igjen i segn og eventyr.

Og så står han der. Skyggen kan forvekslas med den til ein mann.


Bilde frå The Guardian.

[kommentar 2013: Eg skreiv dette inlegget i 2011, byrja kanskje før. Då eg fann ut at bloggen no atter kunne gjenopplivast, kom eg til å sjå alle dei upubliserte innlegga. Eg takkar høgre makter for at ikkje alle vart publisert. Men dette innlegget her kan få kome fram i dagens lys, om enn berre som eit minne om ein av dei fyrste forsøka på å gjenvinna nynorskbruken...]


Kva er grunnlaget for sikkar viten?
Korleis kan ein tileigna seg kunnskap om verda?
Og særleg viktig: Korleis kan ein gjennomskua det regelmessige, reglane som ligg til grunn?

Eg har problem med å setja meg inn i og skjøna korleis det må opplevast å innsjå at ein ikkje kan stola på sanseinntrykka sine og må spørja andre om det ein opplever er verkeleg. Korleis det er å gå inn i ei psykose og mista kontakten med "røynda", verda slik dei fleste opplevar ho. Eller berre det å ha ei lita ufarleg endring i korleis hjernen er kobla og prosesserar sanseintrykk som kan føra til tilstanden der sansane blandast, slik at f.eks. alle bokstavar får kvar sin farge, same om alle er trykte i svart. Tilstanden, som heiter synestesi, er ikkje altfor sjeldan og er stort sett ikkje til bry i dagleglivet. Men den tilleggsopplevinga ein synestetiker har er jamvel like lite verkeleg. Mystikarar og kunstelskarar i byrjinga av det 20. århundre trudde nok det hadde ei større tyding, at synestesien gjer tilgong til større sanninger, men det passer ikkje med vitskapen.  Navn har ikkje nokon fysisk smak. Ikkje etter biokjemien og smakløkanes lovar. Svart blekk reflekterar ikkje lys i andre bølgelengder, sjølv om strekane er forma som meiningsbærande bokstavar. Hos nokre få vaksne, men moglegvis dei fleste barn, fortel sansane noko anna en dei fysiske eigenskapane.
Me har alle vore barn. Likevel stolar me på sansane våre. 

Når me så søkar å finna lovar om det regelmessige i andre samanhengar, korleis kan me då vera sikre på at me har sett (eller sansa) rett? Det viktigaste er kunnskapen til å kunna skilja ulike inntrykk frå kvarandre og kunne skilja det opprinnelege frå tilleggsfenomenet. Vitskapen har sine metodar, men dei er ikkje særleg brukandes i dagleglivet til den einskilde. Særleg i dette andre feltet av sosialt samspel så er det vanskeleg å skjøna kva som er kva. Korleis skilja ein gest frå ein annan, når det gjeld eit så lite oversiktleg felt? Nokon tar det, andre ikkje. Me treng å ordna ting i system. eller finna ein norm. Og denne norma vert "folk flest" eller "det normale", som så vert samstilt med det rette g det faktiske. Ein puttar alle ulike inntrykk inn i denne boksen, kutter bort alle bein og armar som stikk utanfor, for å sjå kva som til slutt kryp ut;  eit lite monster av "normalitet".  Ein kan  ikkje unngå å forholda seg til dette vesenet, om ein vel å omfavna det som ein gud eller ein djevel som skal settast på prøve for kvar pris, eller ein berre har det som ein målestokk og utgangspunkt for å dømma a og b.

Desse små monstra kan nokra gongar voksa seg store og betydningsfulle og oppta meir og meir plass og berre framheva sin eigen ufeilbarhet. Då sluttar dei gjerne å endra seg, og så er dei satte, lamma, urørlege.

Så kjem uttalelser som "folk flest er slik og slik". Då kan dei rakkast ned på for å gje underbyga eigne vurderingar. Jakka er stappa, hatten er satt på og ein sit der med ein truande stor stråmann. Stråmannen kan ein hakka laus på og gjæra opprør mot. Ein kan bygga ein visjon om å riva ned eller omvenda ein stråmann. Eit mål i livet kan vera å skilja seg frå stråmannen, vera annleis. Dette målet er jo i seg sjølv ikkje gale, då ein kan gje stråmannen alle dei eigenskapane som ein ikkje likar, og streba etter å forbetre seg sjølv. Men det finnest ikkje noko anna menneske eller gruppe av menneske som har alle desse eigenskapane. Stråmannen er likevel ein stråmann.

Eg har mange stråmenn. Oppdagar dei sakte men sikkert. Det er lett å ignorera dei, men om ein ikkje har gått igjennom og gredd ut dei værste på ei stund så kan dei samla seg og voksa seg så store at dei vært kalla vrangforestillingar og fjernar ein frå røynda, ein kan enda med å værte offisielt røynds-avikande og lagt inn og gjeve medisinar. Men det skal ofte meir til enn manglande luking for å koma så langt og eg vonar mine uvanar aldri tek meg ut på slike ferder.

Men stråmennene mine er der.
Eg vært glad i folk eg kan dela stråmenn med.
Eg kjenn meg veik og dum saman med dei som påpekar at det er stråmenn, ikkje anna.
Ting eg ikkje skjønar kan eg laga stråmenn av.

Eit eksempel: Eg skjønar ikkje meininga med kunst og kunstnarliv.
Difor lagar eg ein stor stråmann av folk som ikkje likar kunst og forsøker verna om kunsten ved å bekjempa denne uvitande ignorante stråmannen. Store forfattarar vært ikkje forstått av "folk flest", og deira yrke ikkje tillagt noko verdi. Men dei har eksistert til alle tidar og det me menneske er stoltast over er jo vår kunst og kultur. Det er "meiningslausa" som er det minst meiningslause. Men om eg kan grungje synspunkta mine på ein ven måte eller ikkje, det gjer meg ikkje grunn til å omskapa andre menneske i bilde av stråmannen og så næra irritasjon, ja til og med forakt og agresjon, mot dei. Berre fordi eg ikkje har emna til å skapa sikker kunnskap sjølv.