Wednesday, October 26, 2011

Fundamental selvforakt

Etter noko veging for og imot er eg komen fram til at det å skriva om eit teaterstykke er eit heilt adekvat tema for å bryte blogge-stilla. No skal eg ikkje garantera at det kjem meir etter dette; no er no, og vaner endrar seg sakte. Men om opplevinga mi i kveld skulle påverka meg i noka grad, er det, av slike infløkte personlege årsakar som er for sammansatte til å kome inn på, nettopp til blogging ho inspirerar.
Eg nett komen inn døra frå det kalde regnværet, og det som har hendt "der ute", uti verda, er dette; eg har vært på Det Norske Teater og sett "Fundamentalisten".

Det var eit verkeleg bra stykke!

Eg har ikkje gåva å skriva om det på ein måte som rettferdiggjer det, så eg vil i alle høve anbefala deg å sjå det sjølv.
Det eg kan sei, sidan det er slik teateret sjølv skildrar det, er at det handlar om ein liberal prest og ei kvinne han kjenner frå tidlegare som er komen inn i ein fundamentalistisk menighet. Han forsøker å redde ho frå å mista seg sjølv til fundamentalismen. Ho forsøker frelse han, og få han frå satans vegar.

Spørsmåla som vært tekne opp og stilla omhandlar, slik eg ser det, sanningas natur, kvifor ein vil eiga sanninga som si, om det å væra seg sjølv og sann mot seg sjølv, om kor mykje eit menneske kan gjere for å rykka opp eit anna, om kva som er fundamentet eit menneske har, og også om kva det vil seia å kunne gje seg til nokon annan.
Om ein aldri har kjent seg heilt som seg sjølv, korleis kan ein då væra seg sjølv, og la nok on andre bli kjent med ein?

Nei, det er eit vidare stykke enn dette, og den som ser det finn sin eigen tematikk ein legg vekt på. Det er i alle høve verdt å sjå. Hovudpersonen er strålande spelt!

No er teen i min kopp drukke opp. Eg trykker post for ikkje å redigera innlegget heile natta og så ikkje publisera det i det allikevel, for då vil bloggefrekvensen i alle fall ikkje betre seg...