Wednesday, October 27, 2010

Great Pacific Garbage Patch

Dagens oppgulp;

Eit nederlandsk arkitektfirma har ein stor visjon om å laga ei øy ut av det enorme arealet med søppel som flyt rundt uti Stillehavet. Det var inspirerande å lese, men mest av alt vart eg sjokkert over at dette søppelfeltet faktisk eksisterer og eg aldri hadde høyrt om det før. Kvifor er det ikkje på dagorden oftare, som noko slags grunnkunnskap om menneskeleg påverknad av miljøet?

http://www.abcnyheter.no/nyheter/teknologi/100814/vil-lage-ferieoy-av-soppel

Så høyrde eg eit invtervju med ein miljøengasjert fotograf ved navn Chris Jordn. Han har tatt interesante bilete av enorme mengdar avfall, men held no på med eit prosjekt om albatrossungar som døyr fordi dei vert mata med plastikk få det store avfallsfeltet i stilehavet der foreldrene er vandt med å finne mat.

http://www.chrisjordan.com/gallery/midway/#about

Dette er rørande bilete. Dei er vakre, men bodskapen er grusom.



I morges drepte eg ei spyfluge som surra rundt på rommet mitt og kjende glede over det. Inntil eg innsåg at eg kunne sluppe ho ut i staden eller berre latt ho være, ho var ikkje så ekstremt irriterande ei gong, va skulel eg med å drepa ho?
Men eg brydde meg ikkje, eg er visst tydelegvis eit menneske.


Ein annan ting med den fluga; Ho var stygg! Eg hadde ikkje gjort det same med ein leirfivel. Kvifor legg eg så mykkje meir verdi i dyr som er vakre enn dei som ikkje er det? På kva slags grunn respekterar me menneske eigentleg natura og dei andre levande vesen på vår jord, om me på nokon måte gjer det? Eg har forsøkt å diskutera dette. Dess meir eg diskuterar, dess meir inser eg kva slags ignorant monster eg, og mange med meg, framstår som frå ein utanforståandes perspektiv. Eg trur ikkje me kan fortsetta å forsvara vår noværande atferd i forhold til naturen særleg mykkje lengre, på fleire plan enn berre forsøpling...


1 comment:

Fru K said...

eg pleier å sleppa ut kveps og edderkoppar, men flugar er så vanskeleg å fanga på ein skånsam måte, så dei må ein berre drepa. dei drassar på så mange ekle bakteriar og slikt, så det er ikkje ein god idé å ha dei i hus.

Alle veit at der er mykje søppel, og ingen gidder å fortella det omatt og omatt. Det resulterer ikkje i anna enn at oss stakkars menneska får dårlegare livskvalitet fordi me konstant går med dårleg medvit. Ein må berre fortelja oss om søppelet på ein så forsiktig måte at me ikkje vert apatiske, men handlekraftige, slik at me prøver å leva litt snillare.

Me må sjå at me har ei vakker verd, og at det er tullete å øydelegga ho. (haha, eg høyrest ut som ein naiv miljøvernstulling som går på ungdomsskulen. men me treng slike røyster også!)

Men no har til og med Oslo starta med kjeldesortering. På tide med ein kjeldesorteringsfest i kollektivet ditt? (Eg har ikkje høve til å ha fest i det nye kollektivet mitt, diverre.)