Tuesday, December 8, 2009

Jul og sånn

Har småhumra litt når eg har gått forbi årets julereklame frå Olso city:)
Det er pengesedlar bretta som dei religiøse figurane me kjenner frå juleevangelie, strengt teke bipersonane: Maria, josef, engelen og dei heilage tre kongar.

Bipersonar eller ei, er denne reklama tiltenkt å væra ironisk? Det kunne vore ein anti-reklame. Ein anti-materialists påfunn for å få folk til å reflektere over eigentlege verdiar. (i hvilket tilfelle handling på kjøpesentret kjem til kort)
Sjølv syntes eg fyrst at det kjendes som eit lite slag i anletet; denne tydelege, klare fremstillinga av korleis jula, som hadde eit religiøst innhald, no dreier seg om penger og konsum. For det er det Oslo City handlar om : konsum. Enkelt og greit og det er reklamen òg, den er ærleg. Eg oppfatter det som den seier: Oslo City veit kva jula handlar om. Grunnen til at jula framleis spelar ei så stor rolle i samfunnet vårt (antallet kristne minkar og det skulle tilseia at dei kristne tradisjonane skulle spela ei mindre rolle) er ikkje at det er einaste moglegheit til å samlast og dyrka kjærleiken til kvarandre, men at ho er ein lønsam kjøpefest! det er difor du vært minna om at du må hugse på dei du er glad i, gjennom å gje dei det beste du kan ta deg råd til å kjøpa, allereie i oktober. Ikkje julematen og kosen du får sjølv må du ikkje gløyme.

Eg vart litt sjarmert av reklamen då eg oppdaga at ein kan læra seg å bretta penge-seddelorigamien sjølv:)
eg skal tilogmed dela linken
http://www.oslocity.no/origami/

No comments: